Vern om Flora sin natur og drikkevasskjelder!
Zephyr AS har kome med nye utbyggingsplanar for Guleslettene vindindustri. Her er ikkje Florø si hovuddrikkevasskjelde godt nok sikra, og Storelva- og Terdalsvassdraget vert ureina. Det tradisjonelle friluftslivet vert øydelagt, og ei rekke vindturbinar er plassert midt i eit dokumentert fugletrekk. Attraktiviteten til Florø som turistdestinasjon vert svekka. – «Vi er sterkt uroa over dei nye planane. No må kommunen ta til motmæle», seier Jon Anders Stavang, leiar i Naturvernforbundet i Flora.
Les mer her om hva som kan skje på Guleslettene: Pressemelding om Guleslettene vindkraftanlegg 1 mai 2018