Ja til fornybar fremtid! Nei til vindkraft i vannkraftlandet!

Konflikt er eit ord som er dekkjande for vindkraftverket Statsråd Terje Aasland i dag opna i Ytre Fjaler. Anlegget er etablert i eit område der konsesjonsprosessen har vist dårlege vindtilhøve. Lutelandet vindkraft er bygt i kystnatur som ligg tett på busetnad og eit 40- tals fritidsbustader. Naturen vest i Fjaler er leveområde for storfugl som havørn og hubro. I fylgje Statsråd Aasland vil straumen frå anlegget kunne dekkje behovet til 9000 husstandar. Rett nok når turbinane produserer. Det gjer norske vindkraftanlegg i omlag 32 % av tida. Dette i fylgje tal NVE nyleg la fram. I klagehandsaminga valde Statsforvaltaren i Vestland å be om settestatsforvaltar. Saka vart ved ein «glipp» sendt ut med to vedtak av Statsforvaltaren i Rogaland. Eitt som på fagleg bakgrunn sa nei til å gje dispensasjon og det endelege som ga løyve til byggestart. Dette til tross for at reguleringsplanen til Fjaler kommune var broten, På spørsmål frå NRK Sogn og Fjordane sin reporter, Håvard Nyhus om ordførar Kjetil Høgseth Felde kan love meir vind i anlegget enn på opningsdagen i dag svarar Fjaler- ordføraren ja:

https://www.nrk.no/video/03ae6b42-ced9-4e73-a30d-db208fe099af